.

Ser deg no Lyrics

Alt som skjer, skjer for fyrste gong
Det eg syng, er min fyrste song
Eg er ny for kvar dag som renn
Ny for deg
Det står eit tre ved ein vårkledd fjord
Det står ein vase her på mitt bord
Du plukka blomar frå apalgrein
og gav til meg

Eg var blind, men eg ser deg no, du ler
Tenk at i alle år var verda mørk, men i vår
står eg her og ser

Og du ler, ja, eg ser deg no, du ler
Tenk at i alle år var verda mørk, men i vår
står eg her og ser
Vil du vita kva ljoset er,
kom då hit og ver meg nær
Eg skal sjå deg, og seia deg
kva eg ser

Eg vil gå i det vide land
Eg vil syngje om alt eg fann
Eg vil gje av ei open hand
i lag med deg
Eg var blind, men eg ser deg no, du ler
Tenk at i alle år var verda mørk, men i vår
står eg her og ser

Og du ler, ja, eg ser deg no, du ler
Tenk at i alle år var verda mørk, men i vår
står eg her og ser
Report lyrics
Pilegrim (2008)
Pilegrim I Min eigen song Min veg Når du kjem til meg Vidare min song Tømt hus blues Ser deg no I byen samarkand Ein annan måte Liten narr Eit land ei elv ei bru Aude strand Pilegrim II