.

Det som varer Lyrics

Eg er ein som leitar
og stundom ein som finn
Men for å ta det fram att
må eg tøyme tanken min
- Kva heiter det som varer -
Du kan vera tvilar
hell kanskje ein som veit
Men når du trur du har det
legg du atter ut på leit
- Kva heiter det som varer -

Eg er ein som drøymde
Og draumen den vart sann
Eg grov så djupt i minnet mitt
og fann eit framandt land
Kva heiter det som varer
Kva heiter det som gror
Kven er han eg fylgjer
i mine eigne spor
Kva heiter det som varer
Og går eg i det landet
Mangt er rart og vakkert der
Så undrast eg og veit eg
Det har alltid vore her

Kva heiter det som varer
Kva heiter det som gror
Kven er han eg fylgjer
i mine eigne spor
Kva heiter det som varer
Report lyrics