.

Styrt ned i Mælstraumen Lyrics

Den evige skapning sine andedrag,
i det urgrøne vatnet sitt hjartebank
eit daudingrike av frosne songar :
Mørke lydar støyter blautt mot kvarandre ...
Nordantil !

Ro, fiskar, med ditt kalde skrik,
imot det store djupet si kvisking :
"Sjå, når du sørgjer deg til botns i hav,
da er det ikkje overlevde, men ulevde liv ...!"

Kom, ned til havet sin ramsalte botn
- ei ukjent smuldra grav .
Ægirs døtre, under ville bølgjer,
spillet deira, for ingens auger !
Omspunnen med bølgjekåper,
stigande, fallande,
ubøyelege står dei kjempande,
revnar kinnet ditt !
Sjå, botnar, og noko svart,
som brått stig opp og bryt havflata !
Rodde medan full hast ... - i kulda .
Om ætter stig og fell,
hav, ver du min varde !
Men mørke lukkar seg rundt oss .
forlatt ... favna ... fortapt ...

Sjøfarar, gløym den orm som gnog
deg i ditt bryst : kuldens brann !
flø det gjennom, blikket ned, i evighet :
kroppen lyttar, men livet pustar ikkje ...

"... Storm heitar eg, dauden sin triumph "
Report lyrics